Lokalnytt

Meisterverk frå norrøn mytologi

doc_103_4

Treskjerar Oddvin Parr har gjort ferdig eit nytt, unikt trerelieff. Yggdrasil er arbeidstittelen på det siste meisterverk i lindetre som snart
skal forlate verkstaden til Hellesylt sin kjende kunstnar.
Frå tidleg i fjor sommar har Oddvin Parr arbeidd med den krevjande oppgåva å illustrere sagaen om Yggdrasil, treet som voks over himmelen. Han
fortel at med arbeidet har det blitt skore vekk mykje trespon og laga mange blyantriss før det stod ferdig fargelagt.
-Blyanten er mitt viktigaste verkty det, seier Oddvin Parr. Han har sett seg godt inn i historia frå norrøn mytologi og forklarer viljug om
detaljar i det store kunstverket.

Verdenstreet
I Håvamål blir det fortalt at guden Odin ein gong hang seg i eit tre. Kanskje var det i Yggdrasil, ein ask som breier sine greiner utover heile
verda. Treet er alltid grønt og frå greinene fell det doggdropar. Yggdrasil har tre store røter, den eine er hos æsene og Urdarbrønnen som
nornene ausar vatn på treet frå. Den andre rota er hos rimtursene, og under der er den vise jotnen Mimes brønn. Den tredje rota er i Nivlheim, og
på den rota gnagar ormen Nidhogg.

Ut av fylket
På toppen av treet har Parr skore ei stor ørn som symbol på herskarane. Nede ved røtene er fotfolket, kvinner med vasskrukker som gjev treet vatn
for å halde det friskt. I treet lever dyr, hjortar og eit ekorn.
Oddvin Parr sitt siste store arbeid er laga på bestilling og blir sendt ut av fylket. Det blir såleis ikkje å sjå på Peer Gynt Galleriet på
Hellesylt der kunstnaren har stilt ut tolv store trerelieff frå scener i Peer Gynt.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380