Lokalnytt

Sunnylven har fått breiband

doc_88_4

Sunnylven har no fått full dekning på breiband. Utbygginga som selskapet Direct Connect har stått for, er basert på radiosignal. Alle hovedsendarane er på plass og montering av antenner til abbonentane er i gang.


Utstyret som er montert kan sende signal i lange avstander frå stasjon til stasjon. Derifrå går dei til ei antenne på utsida av huset, og i kabel til ein trådlaus sendar inne. Dermed kan alle datamaskiner, både stasjonære og bærbare koblast opp med breiband til internett.
Arne Frøysa i Sunnylven var den fyrste som kunne ta i bruk det nye utstyret, og prosjektleiar Richard Simonsen i Direct Connect kunne konstatere at resultatet av arbeidet selskapet har jobba med sidan november i fjor, verka alt som det skulle. Eit fullgodt alternativ med stor kapasitet, spesielt i grisgrendte strøk, meinte Richard Simonsen.
Monterer antenner

Fleire montørar frå selskapet vil vere i sving med montering av antenner. Prisen er eit fastbeløp for tilkobling og montering, og frå 389,- til 600,- pr. månad alt etter kapasitet og hastigheit som blir valt.
I alle fylker er det stor utbygging av breiband i distrikta. Direct Connect har utbygging på gang i rundt 60 kommunar over heile landet. Utbygginga i Sunnylven vil gje dekning til Sunnylvsbygda, Ljøen, Langedalen med sidedalar.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380