Lokalnytt

Konsesjon til kraftverk i Sunnylven

Norges Vassdrags-og energidirektorat har gjeve konsesjon til to kraftprosjekt i Sunnylven, Litlebø kraftverk og Ringdal kraftverk. Sætreelva 

kraftverk fekk avslag mellom anna på grunna av det særprega fosselandskapet til elva.

Litlebø kraftverk
Tryggestad Kraft a/s fekk konsesjon på å bygge ut Langedalselva og Nebbedalselva med kraftstasjon ved Tryggestad. Kraftverket vil få ein
årsproduksjon på 23 Gwh, som tilsvarer årsforbruket til 1150 husstandar.

Ringdal kraftverk
Her er gjeve konsesjon for utbygging i Ringdalselva med stasjon ved samløpet til elva frå Langedalen. Rørgata som får eit fall på 150 meter blir
gravd ned. Årsproduksjonen er berekna til 20 Gwh, nok til 1000 husstandar.For begge kraftverka er det sett krav til minstevassføring i elvane.

Sæterelva kraftverk.
Eit tredje utbyggingsalternativ, Sæterelva kraftverk i Nebbedalen fekk avslag. Grunngjevinga var at ei utbygging ville kome i konflikt med det
særprega fosselandskapet ved innfalsporten til Norangsdalen. Også rørgate og anleggsveg ville gje godt synlege terrenginngrep i den urørte lia
opp til Sætredalen.

Les meir: nve.no

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380