Lokalnytt

Slåttemusikk og folkedans

Unge felespelarar aman med sine instruktørar, Britt Pernille Frøholm til venstre og Synnøve Hjellbakk Hole lengst til høgre
Unge felespelarar aman med sine instruktørar, Britt Pernille Frøholm til venstre og Synnøve Hjellbakk Hole lengst til høgre
Britt Pernille Frøholm har valt fela og slåttemusikk til sitt yrke
Britt Pernille Frøholm har valt fela og slåttemusikk til sitt yrke

Britt Pernille Frøholm har gjort folkemusikk og slåttar til sitt ykre. På den fyrste plata ho gav ut er med 19 slåttar frå Hornindal og Kjellstad 

i Sunnylven. Smakebitar frå CD’en fekk mange frammøtte på Sunnylven samfunnshus høyre sist søndag.

-Eg blir nok ikkje rik av musikken,- seier Britt Pernille Frøholm, men vedgår at det er eit fole kjekt yrke ho har valt.
Konserten avslutta øvingshelg som Britt Pernille Frøholm og Synnøve Hjellbakk Hole hadde med unge felespelarar, seks frå Sunnylven, fire frå
Hornindal og to frå Stryn.
Under konserten på samfunnshuset hadde Britt Pernille si eiga avdeling der publikum fekk høyre ein dyktig utøvar spele.

Nye plater
Det såg så enkel ut når fingrar og feleboge leika fram tonar som fekk go’foten til fleire til å bevege seg. Ein av slåttane som hausta stor
applaus var ”Gluggen” av Ola Kjellstad.
Like over påske kjem 29-åringen frå Nygård i Hornindal med ny plate. Seinare kjem det nok meir, kanske i litt nyare stil, samtidsmusikk, seier
Honndalstausa som har busett seg i Oslo, men som langt frå har gløymt heimbygda. -Du veit, eg må stadig heim til Honndalen. Det er kjekt å kome
heim og treffe gamle kjente-.

Hallingdans
Under tilstellinga på Sunnylven samfunnshus var det også opptreden av barneleikarringar i Hellesylt Ungdomslag. Nokre sprekinga prøvde seg på
halling-dans med stort hell.
Under leiing av Astrid R. Ringdal vart det fleire rundar på parketten, og som lova godt for fylkestevling i Surnadal seinare i vår.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380