Lokalnytt

Ryddar rås til Svarthammaren

Skuleelevar i aksjon for å rydde "nyeråsa". Frå venstre Sondre Nybø Støverstein, Hans Kristian Hjellbakk Hole, Henning Frøysa, May Helen Hole.
Skuleelevar i aksjon for å rydde «nyeråsa». Frå venstre Sondre Nybø Støverstein, Hans Kristian Hjellbakk Hole, Henning Frøysa, May Helen Hole. (Foto: Arne Inge Tryggestad.)

Ein ny tursti til Svarthammaren blir klar til bruk i løpet av mai. Det blir tredje merka tilkomst til det flotte utsiktspunktet i lia ovanfor 

Hellesylt sentrum.

Mykje skog er blitt hogge i traseen for den nye råsa som tek til ved inngangen til Hellesyltporten. Hellesylt næringslag har organiserer mykje av
ryddearbeidet, og nyleg var elevar frå Sunnylven skule med og bar vekk trevirke som kunne brukast til fyringsved.
-Flott at også dei unge engasjerer seg i tiltak som skal skape trivsel i bygda, – seier leiar i næringslaget Inge Hole. Elevane skulle få litt
løn for jobben som gjekk i reisekassa til skuletur.

Kvileplassar
Frå før går tilkomstvegane til Svarthammaren frå Kirkebakken og Årskogkvia. Den siste er bratt og med lite utsikt under vegs då stien går gjennom
furuskog. ”Nyeråsa” er lagt i slyngar slik at bratta ikkje blir så strevsam. Det skal ordnast med benkar og bord under vegs, og det er planen å
bygge både ein lavvo og henge opp fuglekasser. –Ikkje berre utsikten, men også turen til Svarthammaren skal bli ei flott oppleving, – seier Inge
Hole.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380