Lokalnytt

”Blåtur” enda i Fosnavåg.

I Åsen-tunet fortalde guide Elisabeth om diktaren, og om den nyplanta bjørka. (Foto: Gerd Helset.)
I Åsen-tunet fortalde guide Elisabeth om diktaren, og om den nyplanta bjørka. (Foto: Gerd Helset.)
På restaurant i Fosnavåg fekk turdeltakarane smake av havets matbord. (Foto: Gerd Helset.)
På restaurant i Fosnavåg fekk turdeltakarane smake av havets matbord. (Foto: Gerd Helset.)

Etter ei bussreise med opplevingar undervegs, enda Sunnylven bygdekvinnelag sin ”blåtur” i Fosnavåg. Der vart det kulinariske opplevingar frå 

storhavet som fall i smak hos dei 22 turdeltakarane.
I eit strålande ver vart turen ei flott oppleving. Norangdalen viste seg i si flotte vårlege drakt, det same gjorde Hjørundfjorden under
kryssinga frå Leknes til Sæbø. I Åsen-tunet i Hovdebygda var det stopp for omvising der guide Elisabeth fortalde om arbeid og levekår, og om dei
125 eignalutane diktaren Ivar Åsen hadde. Sist i april var kronprins Håkon på garden og planta ei bjørk. Den nye tunbjørka som stod rank og grøn
er ein kloning av den gamle som er borte.

Gratinert klippfisk.
Frå Åsen-tunet gjekk ferda vidare etter det nye Eiksundsambandet, gjennom tunnelen som vart opna i februar.
Endemålet for ”blåturen” til Sunnylven bygdekvinnelag var altså Fosnavåg. På ein av stadens restaurantar var det råstoff frå havet som vart
frambode som hovedrett. Med litt blanda frykt for korleis gratinert klippfisk skulle smake valde alle same meny. Det vart eit fortreffeleg måltid
i koselege omgjevnader. Etterpå var det dessert og kaffi.
I kveldinga laurdag var nøgde turdeltakarar vel tilbake i heimbygda.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380