Lokalnytt

Fyrste dag for Bolsøy

Overstyrmann Arne Vassvik.
Overstyrmann Arne Vassvik.
Skipper Arnold Grønning.
Skipper Arnold Grønning.

Fyrste mai opna turistferja Bolsøy ruta mellom Hellesylt og Geiranger på Verdsarvfjorden. Mange passasjerar tok turen i det fine veret.

Med flagga til topps la Bolsøy ut frå Geiranger klokka åtte 1. mai på den aller fyrste turen denne sesongen. Returen frå Hellesylt gjekk ein og
ein halv time seinare.
Ut over dagen auka trafikken på, både personar i privatbilar og fleire bussar køyrde om bord då ferja gjekk sin andre tur litt seinare på dag.
Bolsøy er til sesongen i år rusta opp for 2.5 mill. kroner. Det er gjort arbeid både med generell oppussing, og krav til sikkerheit og
redningstiltak er oppfylte, fortalde skipper Arnold Grønning som går på sin tiande sesong på den verdenskjente fjorden. Saman med overstyrmann
Arne Vassvik og resten av mannskapet på Bolsøy syter dei for at tusenvis av turistar får oppleve den unike reisa mellom Hellesylt og Geiranger
også i 2008.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380