Lokalnytt

Kaiuttale har skapt harme.

I sjøen i framkant er ny cruisekai på Hellesylt tenkt plassert.
I sjøen i framkant er ny cruisekai på Hellesylt tenkt plassert.

Dagleg leiar i Geiranger Fjordservice, Geir Gjærde kastar ein liten brannfakkel mot nabobygda Hellesylt i Sunnmørsposten sist laurdag. Ny kai 

burde kome i Geiranger, og slett ikkje på Hellesylt slik Stranda kommune planlegg, står det å lese. –Eg er feilsitert,- seier Geir Gjærde.
Uttalen frå dagleg leiar i Geiranger Fjordservice, Geir Gjærde har skapt harme på Hellesylt. Det forstår Geir Gjærde som hevdar han er
missforstått, og slett ikkje meiner det som stod på trykk.
-Tvert i mot har eg og havnesjef i Geiranger, Rita Berstad Maraak fronta at det burde byggast nye kaier både på Hellesylt og i Geiranger.
Samtalen med Sunnmørsposten sin journalist foregjekk for ei stund sidan og dreia seg om laust og fast i Geiranger. Det var Geiranger som var tema
for samtalen. Angåande kaier og at større båtar kunne legge til land, kom vi inn på fleire kaier langs Storfjorden, også djupvasskaia på
Hellesylt. Eg uttala meg om plasseringa, at cruisebåt-kapteinar og andre ”gamle” folk meinte at plassering på tvers av fjorden mellom to elvar og
ved eit naturreservat var uheldig. Det var det vi snakka om konkret, for om Hellesylt skal ha djupvasskai eller ikkje skal eg på ingen måte
blande meg opp i, – presiserer Geir Gjærde.

Tek for lett på løysing
I laurdagsutgåva av Sunnmørsposten uttalar kaptein Gran-Ernstsen på Trollfjord at det med enkle tiltak kan leggast til kai i Geiranger. Han han
sjølv hatt folk på plass i Geiranger som har undersøkt forhold og djupne ved kaia. Der er meir enn djupt nok til at hurtigruta kan legge til med
nokre små utbetringar, uttalar han.
Ei løysing med å bygge ut ein landgang trur Geir Gjærde dei tek for lett på. Han tvilar på om det går an å pæle i grunnen utan at det skjer noko
med fyllinga langs kaia.
Turistar frå hurtigruta blir no frakta i land med sightseeingbåten ”Geirangerfjord”.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380