Nye gründere kursa seg
Nyleg vart kurset ”Skal-skal ikke” halde på Hellesylt med 17 deltakara frå fleire stader på Sunnmøre. Mykje konkret informasjon om oppstart av
eiga bedrift kom fram, og som sikkert var nyttig for nye bedriftseigarar.
Liknande kurs har vore eller skal haldast i Haram, Kristiansund, Smøla og Vanylven.
Eva Grønningsæter Furevik og Knut Iversen, begge frå Sintef MRB var kurshaldarar på det nyrestaurerte hotellet Villa Norangdal. Kursstaden var
utan tvil eit godt eksempel på noko som kan skapast berre tru på prosjektet og viljen til realisering er stor nok.
Lære av andre.
Å ha tru på forretningsideen, og forme den etter kundane sitt behov var nødvendig om ein skulle lukkast, meinte Knut Iversen. Det var god lærdom
i å sjå på andre, sjå også til andre stader og lære av deira erfaringar. Marknadsføring og innfri kundane sine kjøpskriteriar var viktig. Bruk
det som fungerte og sløyf alt anna, sa Iversen som meinte det var greitt å starte si bedrift heime, men at det måtte vere eit klart skilje mellom
jobben og heim og familie. –Ikkje få det så travelt at du spolerer eit venskap,- sa han.
Økonomisk kontroll viktig.
-Ein ide er starten på ein prosess med å etablere ny verksemd. For å bestemme seg for å gå i gang måtte ein vere overbevist om at ideen er god,
at det er etterspørsel etter produktet og at det har eit økonomisk fundament. Om ideen er i samarbeid med andre så inngå avtalar skrifteleg.
Sjølve igangsettinga er den kritiske fasen der kostnadane ofte er større enn inntektene. Som regel kjem inntektene seinare og er mindre enn ein
trur, utgifter kjem raskare og større enn venta. Ver på forskot, for så lenge rekningane blir betalt i rett tid får du vere i fred-, sa Knut
Iversen.
Eit godt nettverk.
Ofte kjem nyetableringar på konkurslista. Nettverksbygging var difor uhyre viktig, søkje hjelp og råd hos andre med kunnskap og erfaring. Som
gode nettverkspartnere vart rekna opp banken, næringsjef, Innovasjon Norge, leverandører, rekneskapsfører, advokat, konsulent,
styre/rådgjevingsgruppe og revisor.
Til slutt på kurset ”Skal- skal ikke” orientert kurshaldarane om ulike selskapsformer. Etableringar i tillegg til gardsdrift kunne vere lurt å
skilje frå kvarandre slik at ein ikkje risikerte noko. Småkraftutbygging er eit døme på etablering som bør skiljast ut, vart det sagt.