Lokalnytt

Stor oppslutnad om feiring

Sunnylven skulekorps var med og bidrog til ei flott 17. mai-feiring. Her ved Sunnylven omsorgsenter.
Sunnylven skulekorps var med og bidrog til ei flott 17. mai-feiring. Her ved Sunnylven omsorgsenter.

17. mai i Sunnylven vart på ein flott vårdag, litt kjøleg, men opphaldsver og ein god del sol. Mykje folk møtte fram til feiringa på Hellesylt. 

Programmet for dagen var tradisjonelt og opna med flaggheising og krans ved minnetavla over falne.
Gudstenesta i Sunnylven kyrkje samla mykje folk. Her deltok Sunnylven skulekorps og ungdomskoret Joyful. Frå kyrkja gjekk folketoget med eit
skulekorps i storslag til omsorgssenteret og tilbake til samfunnshuset, til leik og moro, sosialt samvær og folkefest.
Det var knytta stor spaning til dagens unge festalarar frå 10. klasse. Til tonar frå Henriette Fivelstad på fele ”toga” alle 10. klassingar inn
på scena i samfunnshuset. Fremst gjekk dei to som var utpeika til å framføre det heile, Daniel Nybø Støverstein og Øyvind Hole. Men aller fyrst
fekk ein fullsett festsal høyre ”Gud signe vårt dyre fedreland” vakkert framført av Ingelin Storstein Hole, Ingunn Runde og Linn Helene Brekke.

Reflektert
Det vart ei flott tale forsamlinga fekk høyre, bygd kring tankar om tradisjonar, fortid, notid og framtid. Ikkje mindre viktig var andre stikkord
som hjelpsomheit, venskap og takksemd.
Ei tale det heilt sikkert låg mykje arbeid bak, og all ros til 10. klasse for deira bidrag til folkefesten. Imponerande bra av ungdomar som viste
at dei har fått mykje kunnskap å ta med inn i framtida frå læring i eigen skule, og ikkje minst gjennom sunne fritidsaktivitetar i heimbygda.

Moro med hallingdans
Folkefesten på samfunnshuset baud også på anna underhaldning. Skulekorpset under leiing av Trond Otto Berg opna festen, og felegruppa, leia av
Synnøve Hjellbakk Hole og forsterka med gitar og trekkspel framførte fleire slåttar. Barneleikarringen i HUL underheldt med dans og song, der
nokre viste hallingdans og korleis det kan gå når to gutar festar augene på same jenta. Eit friskt og morosamt innslag.
Der var også allsong under festen der leiar i Sunnylven IL, Knut Dag Langeland var programleiar.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380