Lokalnytt

Trimtreff på Nedstevassætra søndag

Søndag, 1. juni inviterer friidrett/trimgruppa i Sunnylven IL til trimtreff på Nedstevassætra, forbi Vollset mot Flofjellet.
Trimtreffet på Nedstevassætra er det fyrste av to denne sommaren. Litt forbi Vollset er det stor parkeringsplass for bilar, og vidare går det god
turveg ca. 3 km. til sætrestølen i fremste enden av Nedstevatnet.
Det blir registreringa mellom kl. 12.00 og kl. 14.00. Småpremiar til dei yngste trimdeltakarane, og det vert høve til grilling, melder
friidrett/trimgruppa.
I fjor vart det skipa til trimtreff i Kjellstaddalen og på Toskedalssætra. Spesielt populært vart treffet i Toskedalen der unge deltakarar fekk
rideturar på to flotte hestar. Fram mot 30 personar møtte kvar gong. Arrangøren håper på god oppslutning også i år, og ynskjer vel møtt på
Nedstevassætra søndag.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380