Lokalnytt

Vil lyse opp Hellesyltfossen

På synfaring ved Hellesyltfossen. Frå høgre Arne-Dag Gjærde, Ivar Fivelstad, Jan Ove Tryggestad, Inge Hole.
På synfaring ved Hellesyltfossen. Frå høgre Arne-Dag Gjærde, Ivar Fivelstad, Jan Ove Tryggestad, Inge Hole.

Om det går som tenkt skal Hellesyltfossen få monterast lyspunkt i berget. Eit pilotprosjekt som kan bli eit unikt skue på mørke vinterkveldar når

is og vassmasser blir lyst opp.
Det var under idemyldring etter ein tur til ”Den gyldne omveg” i Trøndelag sist haust at tanken om å lyse opp Hellesyltfossen kom fram. No har
lokale krefter jobba vidare med ideen, og nyleg var det synfaring langs fossen for å planlegge for neste steg i arbeidet. Med på synfaringa var
tettstadskoordinator i Møre og Romsdal Arne-Dag Gjærde, ingeniør i Stranda kommune Ivar Fivelstad, Jan Ove Tryggestad frå formannskapet og leiar
i Hellesylt næringslag Inge Hole.

Pilotprosjekt.
Å lyse opp ein så stor foss på denne måten visste ingen om at det var gjort før. Det blir eit pilotprosjekt, så for å kome vidare må det leigast
inn konsulenthjelp både til berekning av antall lyspunkt, kostnad, og korleis lyssetjinga skal utførast slik at naturkreftene ikkje gjer skade.
Til arbeidet skal det søkjast om prosjektmiddlar, og elles støtte både frå det offentlege og private.
Arne-Dag Gjærde tykte det var eit interessant prosjekt, og at planlegginga var starte veldig godt. Han hadde tru på at dette kunne bli ein stor
attraksjon på Hellesylt når det heile stod ferdig og lysane.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380