LokalnyttSommardagar på Hellesylt 2008

Bergstrøms tivoli til Sommardagane.

I år blir det Bergstrøms tivoli som skal more publikum på grusbana under sommardagane.
I år blir det Bergstrøms tivoli som skal more publikum på grusbana under sommardagane.

Bergstrøms tivoli kjem til Sommardagar på Hellesylt 4. til 6. juli. Det opplyser Magne Brekke, leiar i komiteen for den årlege og store sommarfesten i turistbygda.

Brekke fortel at tivoliet er på turnè i distriktet i denne perioden i sommar og kjem frå Stordal der dei underheld publikum helga før.
Det blir garantert mykje moro for store og små på grusbana også i år, trur Brekke, for Bergstrøms tivoli kan by på både karusellar, radiobilar, skytebane, lotteri og mykje meir.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380