Fyrste Verdsarvskilt på plass
I Sunnylven er merking av Verdsarvråser med dei nye skilta godt i gang. Onsdag kom det fyrste på plass i Åsen med skilting til Hellebostad.
Kring 80 skilt skal på plass i Sunnylven, og alle blir montert likt etter ein mal. Skiltet skal stå ni cm. under den raude toppen på stolpen, og tre cm.mellom skilta der det er fleire på same stolpe. Alt utstyr som skilt, stolpa og feste for jord eller fjellgrunn er levert frå ArkeoPlan, Molde, og betalt av Verdsarvorganisasjonen.
Største utfordringa for friidrett/trimgruppa i Sunnylven IL, som organiserer det meste av arbeidet, blir å få på plass skilta på toppturar der stolpane må festast i fjell eller stein.
Arbeidet med utplassering og montering av dei nye skilta i Sunnylven vil halde fram utover hausten.