Lokalnytt

Nye hopp frå Kopen

Even Flo, Stryn på veg til landing etter sin flygetur i vingedrakt søndag.
Even Flo, Stryn på veg til landing etter sin flygetur i vingedrakt søndag.

Etter suksessfulle hopp i vingedrakter frå Helsetkopen fredag kveld, vart det gjort seks nye vellukka hopp på søndag.

Etter planen skulle ”himmelflygarane” tilbake frå basen i Stryn til Helsetkopen for nye hopp på laurdag. Det vart hindra grunna tåke, men søndag var veret perfekt. Seks mann sette utfor, fortel Even Flo, Stryn, og alle landa trygt på dei flate bøane ved Helsetvatnet. I tillegg til dei som hoppa fredag var Tom Erik Heien og Thomas Hestad, begge Molde med.
Fleire av dei som har vore med denne helga er nybyrjarar med vingedrakter. Difor vart det ekstra flott å kunne hoppe frå Helsetkopen som er av dei lettaste og tryggaste fjell å hoppe frå, seier han.
Elles vart det mange ”flygeturar” frå fjell i Nordfjord, både Stryn, Loen og Olden, fortalde Flo. Å hoppe med vingedrakt er kjempeartig. Det går fort gjennom lufta, opp i 250 km. i timen, men det er ikkje så fårleg som folk trur. Av og til hender det uhell som beinbrot eller skrubbsår, men det skjer også i andre idrettar, hevdar stryningen Even Flo.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380