Valkyrjen ferdig
Treskjerar Oddvin Parr reikar rundt i verkstaden sin. Han gruer for å levere frå seg sitt siste relieffbilde han har kalla Valkyrje. –Det blir så tomt her,- seier han. Store deler av endeveggen er pryda med meisterverket som har motiv frå kring år 1000.
-Eg trudde ikkje eg skulle greie dette-, seier Parr og vedgår at det var eit vanskeleg og langdrygt arbeid. Han tok fatt før jul i fjor og har arbeidd lange dagar sidan. -Eg likar å stå tidleg opp så arbeidsdagen blir gjerne frå sju om morgongen til sju om kvelden.
Eg visste korleis bildet skulle sjå ut, det mest utfordrande var å få rette former på folk og dyr. Eg hadde berre eigne riss å gå etter, så det vart mykje studering i bøker med anatomiske teikningar. Spesielt er beina vanskelege å få til rett.-
Odin og Valkyrjer
Motivet til treskurdbildet, som er eit bestillingsverk, er frå kring år 1000 då kristendomen vart innført i Norge.
Om motivet fortel Oddvin Parr: -Valkyrjer var kvinnelege vesener som Odin sendte ut til å rå for mannefall og siger i slag. På valplassen kunne både Odin og valkyrjer vere upålitelege. Her vart det peika ut både motstandarar som skulle falle i strid, og dei av Odin sine tilhengarar som måtte døy.
Mykje av dette kan vi sjå også i vår eiga tid med sjølvmordsbombarar. Og då som no var det religion det dreia seg om. Odin var den høgste gud, også visdommens gud.-
Livaktig
Oppdragsgjevaren som har tinga relieffbildet som måler 3.5 meter langt og 1.5 meter høgt, er ein bedriftseigar. Personane og hestane er svært så livaktige og illustrerer fart, kraft, søkende og dristigheit, som også bedriftseigarar må vere, seier kunstnaren.
Dei fire har namna Skuld, Gunn, Hild og Gondul, alle frå Geirskogul. Oppe i eine hjørnet flyg Hugin og Munin, to ramnar som speidar og gjev signal til Valkyrjene.
Ei lang historie i eit veldig komplisert stoff, slår Oddvin Parr fast.