-Byggeforbudet hindrar utvikling på Hellesylt-.
-Byggeforbudet langs Storfjorden har stoppa all nybygging og nyetablering i strandsona i heile området. På Hellesylt har investorar planar klare for eit nytt hotell, men får ikkje bygge. Skuffande-, sa leiar i Hellesylt Vekst, Inge Hole til NRK.
-Vi brukar å seie at vi bur langs verdens tryggaste fjord. Skredsenteret på Stranda kan varsle eit ras frå Åknes-massivet minst tre dagar i forvegen. På den tid skulle det gå an å evakuere alle peronar frå fåresona.- Det sa Inge Hole, leiar i utvilingsselskapet på Hellesylt i intervju på NRK Møre og Romsdal nyleg der han gav uttrykk for stor frustrasjon over det vedvarande byggeforbudet.
Ikkje nyetablering
– Når folk ikkje kan bu på eit hotell, må det bety at dei heller ikkje kan opphalde seg på campingplassar nær Storfjorden. Det er større sjanse for at hotellet brenn ned enn at det blir råka av flodbølge.
Heller ikkje den planlagde djupvasskaia på Hellesylt ser ut til å kunne realiserast, eit byggverk som berre er ein betongkloss. Byggjeforbudet har stoppa all utvikling i Hellesylt, og det er synd. Her er mange som har planar klare for nyetablering som vil gje nye arbeidsplassar-, sa Hole mellom anna som tykte det heile var uforståeleg og skuffande
Ny lov
Kommunal-og regionaldepartementet kjem med ei ny plan-og byggningslov i 2009. Det vart opplyst at i forskriftene vil det ligge unntak der det kan gjevast dispensasjon frå byggeforbudet. Om det kan kome til nytte for mellom anna bygging av nytt hotell på Hellesylt er ikkje kjent.