Lokalsport

God kamp av A-laget

Jublande målskorarar for Sunnylven. Frå v. Alf Ole Sundgot, Olav Åge Åsen, Bård Forbord.
Jublande målskorarar for Sunnylven. Frå v. Alf Ole Sundgot, Olav Åge Åsen, Bård Forbord.

Topplaget Norborg fekk stryk på Hellesylt stadion laurdag. Sunnylven vann 3-2 etter mykje godt spel, spesielt i andre omgang.

Det var Norborg som jubla for skoring fyrst, etter 15 minutt. Deretter vart det mykje kjemping og lite som stemte for laget som har overraska stort i årets 4. divisjon Sunnmøre. Sunnylven skora i tur og orden, eitt før pause ved Alf Ole Sundgot og to nye i andre omgang ved Bård Forbord på straffespark og Olav Åge Åsen på hodestøyt etter hjørnespark. Ei redusering for gjestane på straffespark etter 80 minutt fastsette sluttresultatet til 3-2 og fortent siger for Sunnylven.

Spelar utvist
Norborg opna kampen best i begge omgangar, men deretter var det Sunnylven som baud på dei store sjansane. Orangetrøyene frå Haram har problem med å hente poeng på Hellesylt stadion, og kampen laurdag var ikkje noko unnatak. Denne gongen sparka dei ikkje ballen på elva for å begrense tapet, men vart i staden redusert til ti mann det siste kvarteret etter to gule til Steffen Grytten.
Norborg var serieleiar før den 19 serierunden i 4. divisjon. Den posisjonen har Stranda innteke etter 2-1 siger over Bergsøy, og ei ”hjelpande hand” frå Sunnylven.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380