Lokalsport

Langrennsamling på Hellesylt

Intervall opp Torskedalsvegen. I tet frå v. Olav Erling Aaland, Hans Kristian Hjellbakk Hole, Øyvind Hole, alle Sunnylven IL.
Intervall opp Torskedalsvegen. I tet frå v. Olav Erling Aaland, Hans Kristian Hjellbakk Hole, Øyvind Hole, alle Sunnylven IL.

I helga hadde Stranda skigymnas og løparar frå Storfjordlangrenn barmarksamling på Hellesylt. Rundt 20 løparar med fire trenarar og fleire leiarar var med på samlinga frå fredag til søndag.

Langrennsgruppa i Sunnylven IL var vertskap for den andre samlinga i haust. Den fyrste var i Stordal i august.
11 løparar var frå langrennslinja ved Stranda vidaregåande skule med Jorunn Vigdal og Jan Erik Westerås, begge Stranda IL som instruktørar, rundt 10 var med frå Storfjordlangrenn med Pål Bjørn Øvrebust, Stordal IL og Hans Kristian Stadheim, Sunnylven IL som trenarar. I Storfjordlangrenn er dei fleste klubbar langs Storfjorden representert.
Fredag kveld hadde langrennsgruppa i SIL alt klart for å ta mot løparar, trenarar og leiarar, sa leiar Gisle Aaland. Sunnylven skule i sentrum av Hellesylt var base for samlinga med bevertning og overnatting.

Variert program
Instruksjon og trening foregjekk både i og utanom bygdesenteret. Rulleskiøktene var i Norangsdalen, intervall på beina foregjekk i brattene opp Torskedalen.
På programmet laurdag stod rulleski fyrste økt, og styrketrening andre økt. Søndag var det intervall på beina før helga blir avslutta med fartstrening, landhocky på rulleski.
Ei aktiv helg der også kosthald vart vektlagt. Arrangøren serverte frukost, lunch og middag til alle, fortel Gisle Aaland.
Ei flott helg for dei unge langrennstalenta i go`ver alle dagar. Neste samling er på Emblem i oktober, og deretter snøsamling på Gålå i november.

Fartsleik på rulleski i Hellesylt sentrum.
Fartsleik på rulleski i Hellesylt sentrum.
Rulleskitrening i Norangsdalen.
Rulleskitrening i Norangsdalen.
Klar for bakkeløp, intervall.
Klar for bakkeløp, intervall.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380