Lokalnytt

Laurdagskafe med sanitetslaget

Åsta Frøysa, t.v. Pernille Stadheim og Margot Ringdal var innom laurdagskafeen til sanitetslaget i fjor.
Åsta Frøysa, t.v. Pernille Stadheim og Margot Ringdal var innom laurdagskafeen til sanitetslaget i fjor.

I morgon, laurdag 20. september inviterer Sunnylven sanitetslag til laurdagskafe i nyesalen på Sunnylven samfunnshus. Der blir det sal av kaffi og kaker, og loddsal.

To gonger for året, om hausten og våren, arrangerer Sunnylven sanitetslag laurdagskafe, ein sosial treffstad der drøsen går om laust og fast over ein kaffikopp og ei god kake. I morgon står karbonadesmørbrød, pølse med brød og nøttekake med kremfløyte på menylista.
Mange brukar å ta turen innom nyesalen på samfunnshuset på Hellsylt på desse tilstelningane. Sanitetslaget håper på god oppslutnad også i morgon då kafeen er open frå kl. 11.00 til kl. 15.00.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380