Lokalnytt

Skaut storhjorten på Holedalsfeltet

Peder Hellebostad t.v. og Alf Ole Sundgot med sine største jakttrofe til no i år.
Peder Hellebostad t.v. og Alf Ole Sundgot med sine største jakttrofe til no i år.

Alf Ole Sundgot skyt ofte blink på fotballbana. Nyleg gav han også ein kronhjort på 133 kilo ein velretta fulltreffar.

Så langt i hjortejakta har jegerane på Bjørdal i Øvre Sunnylvsbygda jaktvald skote 12 dyr. Sværingen mellom både koller og kalvar var ni-taggaren som Alf Ole Sundgot skaut på feltet i Holedalen. Peder Hellebostad har den nest største til no på Bjørdal med rundt 100 kilo.
I ”slakteriet” på Bjørdal hang fleire flotte hjorteskrottar, og meir er garantert i vente. Jegerane har mange løyver enno, og det er rikeleg med dyr.

Ser etter storebukken
Jakta foregår frå det ljosnar av dag til det mørknar igjen, fortel Knut Sundgot, ein av dei seks med finstilt sikte på jaktbørsa. Han speidar opp i liene fram gjennom Holedalen, for der veit han det går mange store dyr. I alle fall to som er rundt 150 kilo tippar han og får bekreftande kommentar på vektanslaget frå Peder Hellebostad. Om dei kjem i siktet kan det bli ny vektrekord.
Største dyr som er skote i hjortejakta i Sunnylven til no er på Røyrhus, ein tolv-taggar på 150 kilo.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380