Lokalnytt

Utan leksebøker til Holedalen

Gler seg til telttur. Frå venstre Gro Mari Kjellstadli Langleite, Liv Tone Tryggestad, Ida Katrin Brekke, Birthe Lødøen Helset, May-Helen Hole.
Gler seg til telttur. Frå venstre Gro Mari Kjellstadli Langleite, Liv Tone Tryggestad, Ida Katrin Brekke, Birthe Lødøen Helset, May-Helen Hole.

I morgon, tysdag dreg ungdomssteget ved Sunnylven skule på overnattingstur til Holedalen. –Kyrne er henta heim, så då skal vi overnatte i telt,- fortel jentene.

I alt 20 elevar frå undomssteget saman med tre lærarar blir med på turen.
Til setra i Holedalen går god bilveg og verutsiktene er gode, så alt ligg til rette for ei fin avkopling frå det vanlege skulearbeidet. At hjortejakta startar onsdag morgon, bekymrar ikkje. Dei veit at i Holedalen jaktar berre røynde jegerar som veit kva dei driv med. Overnattingsturen er sosialtur, inga leksebok eller prosjekoppgåve skal følgje med, fekk vi oss fortalt.
-Derimot skal vi ha med fiskeutstyr, for vi skal fiske og grille og drikke kakao til. Litt pølse og tomatsuppe står også på menyen,- seier gutane som påstår at dei er flinke å lage mat. Kokkekunsten har dei lært på skulen, seier dei.
Jau, dei gler seg til telttur i Holedalen frå tysdag til onsdag, utan leksebøker, men med fotball i ranselen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380