Lokalnytt

Våningshuset i Holen til Bygdetunet

Det nye våningshuset i Holen er blitt del av Hellesylt bygdetun. Fleire nyttige funksjonar og spanande attraksjonar blir planlagde der, fortel Karl Johan Øie.

Hellesylt Bygdetun er no blitt eigar av også det nye våningshuset i Holen. Det fortel Karl Johan Øie, leiar i Bygdetunets venner. Visse utbetringar er alt gjorde, som nytt tak og nye vindskier, og meir er under emning.
Når den nye brannstasjonen til Stranda kommune kjem i Ringdalsåsane, skal det førast fram vatn der i frå til bygdetunet. Då er planen å få ordna eit sanitæranlegg i kjellaren i det nye huset. Bruken av huset er ikkje endeleg bestemt, men i høgda over blir det vurdert å lage eit lite bibliotek av eldre literatur og ei permanent fotoutstilling. Bygdetunet har fått mange fotografi frå Hellesylt i eldre tid av fotograf Lunde frå Hornindal, fortel Karl Johan Øie.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380