Lokalnytt

Drøfta kyllingproduksjon i Sunnylven

I framkant og til høgre for elva kan eit industriområde i Langedalen kome.
I framkant og til høgre for elva kan eit industriområde i Langedalen kome.

Kyllingproduksjon var tema på Sunnylven Bondelag sin bondekafe nyleg. Ein ukjend produksjon for bønder i Sunnylven, men som fleire fann interessant å høyre meir om.

Temaet kom etter utspel frå næringssjef Inge Bjørdal. Til å få fram meir fakta hadde han fått leiar i Indre Sunnmøre Forsøksring, Jon Geirmund Lied.

Ingen på Vestlandet
Etter oppslag i Bondebladet med ”Raude tall for slaktekylling”, såg ikkje produksjonen særleg lønsam ut. Det var lite å gå på, spesielt var investeringar viktig å ha kontroll på, meinte Lied.
Men fjørfekjøtt var ei ny næring, og marknaden for fjørfe har auka fram til no. Store foretak med slakteri ligg i dag i Nord-Østerdalen, Nord-Trøndelag, Solør, Østfold og Jæren. Vestlandet frå Hordaland til Nordmøre har ingen produsent eller kyllingslakteri, sa ringleiaren.
Produksjon av kylling krev spesialbygning med styring av varme og ventilasjon og vil kome opp i kostnad på rundt 4.0 mill. Konsesjonsgrensa er 120000 kyllingar pr. år med seks innsett av 20.000 daggamle kyllingar. Dei blir fora i 30 dagar før slakting. For ein slik årleg produksjon er det eit krav til spreieareal for gjødsla på 300 da.

Temaet på Bondekafeen var orientering i fyrste omgang. Det vil bli jobba ut eit forprosjekt der både rugeri, oppdrett og slakteri er med.

Interessant marknad
Assisterande dagleg leiar ved Ole Ringdal a/s, Ole Arnstein Ringdal var også på møtet. Han tykte at tanken om kyllingoppdrett og slakteri i Sunnylven var interessant.
-Fjørfe og kyllingprodukt har hatt god framgang i marknaden. Difor kan dette vere spanande å sjå nærare på, for kjølediskane i butikkane har ikkje blitt særleg lenger, og vi konkurrerar om same plassen-.

Nytt industriområde
Også plassering av eit anlegg for kyllingoppdrett vart oppe i praten på bondekafeen. I Langedalen er det forslag om opparbeiding av eit industriområde mellom elva og Kvasshaugen i Karbømarke. Masse frå tunneldrivinga på Ljøvegen kan bli brukt til utbygginga. Området her ville vere godt eigna til både oppdrettsbygg og slakteri, trudde mange.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380