LokalnyttLokalsport

Feira etter eit godt fotballår

-Årets spelarar- i Sunnylven. Frå v. Daniel Jerzy Berbecki, Sandra Kammen og Hans Kristian Hjellbakk Hole.
-Årets spelarar- i Sunnylven. Frå v. Daniel Jerzy Berbecki, Sandra Kammen og Hans Kristian Hjellbakk Hole.

Hans Kristian Hjellbakk Hole, Sandra Kammen og Daniel Berbecki stakk av med dei gjevaste prisane på Sunnylven Fotball sin årsfest, alle høyrbart populære vinnarar som -årets spelar- på junior, damer og herrelaget.

Spelarar og støtteapparat, supporterar og tillitsvalde, til saman rundt 80 personar var til stades på Sunnylven sin fotballfesten på Tronstad grendahus laurdag kveld. Og der mangla det ingen ting. God servering, mykje rosande omtale til fleire og høg stemingsfaktor langt ut i dei små timar prega festen.

Rosa medansvarlege
Fotballeiar Steinar Hjelle var fyrst ute på ei lang liste med talar og helsingar.
Klubben stilte 10 lag i serien noko som vart til godt 100 spela kampar på Hellesylt stadion. Han sa at fotballgruppa ynskjer å aktivisere og gje eit tilbod til alle som vil spele fotball.
Det vart mykje verbal ros til mange i Hjelle si velkomsthelsing, til trenarar , oppmenn, sponsorgruppe, banenemnd og kioskgruppe.
Ikkje minst kioskgruppa var viktig i klubben. Frå den kom store deler av inntektene, og open kiosk på alle kampar frå knøtte til seniorlag var unikt. Mange var imponert over nettopp dette tilbode når dei kom til stadion og fotballkamp.
Også kamparrangementsgruppa fekk ros av Hjelle, men speekertenesta kunne vore betre.
Imponerande var også innsatsen til dei sju domarane i klubben. Gjennom sesongen hadde dei dømt i alt 120 kampar.
Fotballeiaren tykte styret, som har mangla leiar yngres i år, hadde jobba godt. Om alle føl opp det gode arbeidet som er gjort til dømes siste år, må det bli bra, sa han.

Publikumsprisen 2008
Steinar Hjelle delte ut publikumsprisen på fotballfesten. Vinnaren skulle vere ein spelar frå eitt av dei tre eldste laga og stemmer hadde kome inn frå 29 personar mellom publikum. 11 spelarar hadde fått stemmer, men ein fekk 12 stemmer og desidert mest. Vinnar av publikumsprisen var herrelaget sin gode målvakt, Daniel Jerzy Berbecki.

Juniorlaget
I desember vedtok foreldre og fotballeiing å stille eit junior 11-ar lag. Ei god løysing, tykte Steinar Hjelle som hadde vore trenar for det unge mannskapet. Fleire av spelarane i ein stor stall er gutespelarar. Målsetjinga var at alle skulle få spele mykje i staden for å fokusere på resultat. Dei har variert frå siger til tap gjennom sesongen, men nokre spelarane hadde alt vore innom a-laget og fleire ville kome etter kvart, meinte trenaren.
Steinar Hjelle delte ut tre prisar til mannskapet. Årets spelar på juniorlaget vart lagkaptein Hans Kristian Hjellbakk Hole. Daniel Nybø Støverstein vann toppskorarprisen, og Asbjørn Kvam Karbø, treningsprisen.

Damelaget
Trenar Hans Hole oppsummerte frå damelaget som spela mange gode kampar tidleg i sesongen, men der det butta litt imot på slutten. Skadar og litt for lite trening gjorde at fleire kampar enda med knepne tap.
Årets spelar på damelaget vart Sandra Kammen. -Heilt rå som fotballspelar,- sa Hans Hole då han rosa den stødige forsvarsspelaren på damelaget og overrakte eit stort dreia trefat som synleg bevis på kåringa.
Toppskorarprisen for damelaget gjekk til Kirsti Frøysadal Hauge, og treningsprisen til May-Helen Hole.

Herrelaget
Til slutt var det trenar for herrelaget, Sindre Hjelle som delte ut trofè. Som i tidlegare sesongar vart det knapt med spelarar utover hausten. Veteranar måtte hentast inn og dei gjorde jobben, sa han.
Sesongen hadde vore bra, og han rosa laget sin nye keeper for storspel i fleire kampar. Ikkje uventa vart det Daniel Berbecki som kunne ta mot trofeèt som -årets spelar-, eit stor dreia trekrus med hank.
Toppskorarprisen fekk Alf Ole Sundgot etter 14 skoringar i serien, treningsprisen gjekk til Olav Åge Åsen. Sindre Hjelle hadde også med ei lita -påskjønning- til laget sin reservekeeper Lars Jørgen Hole som hadde vore med på alle kampane, men ikkje fått spele.

Underhaldning
Frå Sykkylven kom Sindre Hjorthol og Petter Andre Aursnes med sitt musikalske imitatorshow. I det 20 minutt lange innslaget var både Bjørn Eidsvåg, Åge Aleksandersen og Olav Stedje fleire med. Dei to lystige avslutta med eit lite sleivspark, å utbringe ei siste skål for at Stranda ikkje rykte opp i år heller.

Det vart delt ut både blomster og andre gåver frå spelarar til trenarar og oppmenn. Leiar i Sunnylven IL, Knut Dag Langeland takka Steinar Hjelle med gode ord på rim for den store innsats han hadde lagt ned gjennom nok ein fotballsesong. Og styremedlem Jens Vik var enno klarare. Ein ryddig fotballeiar der sakliste og møtereferat alltid var med i styrearbeidet. Han takka dei som sende Hjelle til Hellesylt for fleire år tilbake. Og om det skulle vere behov for ny ordførar i Stranda, hadde han eit godt forslag…

Trenar og prisvinnarar på juniorlaget. Frå v. Steinar Hjelle, Hans Kristian Hjellbakk Hole, Daniel Nybø Støverstein, Asbjørn Kvam Karbø.
Trenar og prisvinnarar på juniorlaget. Frå v. Steinar Hjelle, Hans Kristian Hjellbakk Hole, Daniel Nybø Støverstein, Asbjørn Kvam Karbø.
Trenar og prisvinnarar damelaget. Frå v. Hans Hole, Kirsti Frøysadal Hauge, Sandra Kammen, May-Helen Hole
Trenar og prisvinnarar damelaget. Frå v. Hans Hole, Kirsti Frøysadal Hauge, Sandra Kammen, May-Helen Hole
Jubel med a-laget. Frå v. trenar Sindre Hjelle, Alf Ole Sundgot, Daniel Jerzy Berbecki, Olav Åge Åsen.
Jubel med a-laget. Frå v. trenar Sindre Hjelle, Alf Ole Sundgot, Daniel Jerzy Berbecki, Olav Åge Åsen.
Publikumsprisen gjekk til a-laget sin gode polske keeper Daniel Berbecki. Fotballeiar Steinar Hjelle delte ut.
Publikumsprisen gjekk til a-laget sin gode polske keeper Daniel Berbecki. Fotballeiar Steinar Hjelle delte ut.
To innleigde moromenn frå Sykkylven spissa stemninga ekstra. Sindre Hjorthol t.v. og Petter Andre Aursnes.
To innleigde moromenn frå Sykkylven spissa stemninga ekstra. Sindre Hjorthol t.v. og Petter Andre Aursnes.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380