Lokalnytt

Filma fjellfykarar frå Kopen

Vegard Stana t.v. og Magnus Kjetså venta lenge på å få filme to himmelfykarar frå Helsetkopen.
Vegard Stana t.v. og Magnus Kjetså venta lenge på å få filme to himmelfykarar frå Helsetkopen.

To studentar frå Høgskulen på Lillehammer venta på himmelfykarar frå Helsetkopen sist laurdag. Dei har som prosjektoppgåve å lage ein dokumentarfilm og Bergen fjellfykarlaug.
Magnus Kjetså, Kongsberg og Vegard Stana frå Hardanger er begge studentar ved høgskulen i OL-byen ved Mjøsa. No har dei sett seg føre å lage ein dokumentarfilm, ei prosjektoppgåve om Bergen fjellfykarlaug. Filmen som blir på om lag 20 minutt skal vise hopping frå fjell og miljøet mellom dei som driv denne sporten og kastar seg ut frå høge fjell.

På Hellesylt var det opptak av hopp frå Helsetkopen dei var ute etter å filme. Men det har teke tid å få festa noko til tapen derifrå, for fyrste gong nådde ikkje hopparane toppen før dagslyset var ute. Også på laurdag vart det mange timar å vente for dei to filmelevane, for dei to himmelfykarane som skulle på toppen for å gjere filmhoppet, gjekk feil.

Tidlegare har Magnus Kjetså og Vegard Stana gjort opptak i Gudvangen, Eikesdal i Romsdal og i Stryn. Laurdag var det altså Helsetkopen i Sunnylvsbygda som stod for tur.
Om filmen blir vist på TV eller andre stader er ikkje klart. Det er fyrst og fremst ei skuleoppgåve seier dei to, men håper i alle fall å få den med på til dømes ein filmfestival.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380