Lokalnytt

Heim frå Moldskreddalen

Christine Ellen Rørhuus-Øie gjekk fyrst og buskapen fylgde med.
Christine Ellen Rørhuus-Øie gjekk fyrst og buskapen fylgde med.

Torsdag flytta Oddvar og Elise Rørhuus-Øie geitbuskapen heim frå sætra i Moldskreddalen. Ein lang og god beitesesong var over.

Dei var nesten heime på garden Øie då vi møtte buskapen og nokre av budeiene etter vegen. Turen frå Moldskreddalen hadde teke over tre timar. I teten gjekk Christine Ellen Rørhuus-Øie og dei firbeinte fylgde trufast med, dei visste nok kvar dei skulle.

Mjølka godt
Det hadde vore ein fin sommar i Moldskreddalen, fortel Elise. Saman med dottera Birgitte har ho gjort mykje av fjøsstellet.
Til sætra flytta dei siste helga i mai, så det vart ein av dei lengste sesongane i år. Berre ein gong tidlegare for lenge, lenge sidan var dei der med geitene til 20. oktober, minnast ho.
-Rikeleg grønt og saftig gras saman med godt ver gjorde at geitene mjølka godt heile sommaren. Dei har heile dalen for seg sjølve, snart ”tusen mål” beite, for i år var vi der heilt åleine. I fellesfjøset er aggregat og mjølkeanlegg, og geitmjølka blir lagra på kjøletankar og levert til Tine sine tankbilar to-tre gonger i veka-.

Lang fjøsveg.
-Heile vinteren gler eg meg til å få flytte på sætra, men når hausen kjem gler eg meg i grunn til å flytte heim igjen. Du veit det blir lang fjøsveg, for vi må heim mest kvar dag. Det er både slåtten og andre ting å ordne.
På sætra har vi alt vi treng i røktarboligen, men saknar litt mikrobølgeovnen og oppvaskmaskina,- seier Elise. Heller ikkje TV er råd å få inn, men ho kan høyre radio og har mobildekning.
Ho vedgår at det er litt godt å vere heime igjen, men også litt trist at ein sommar på Moldskreddalssætra er over. Den varte til 16.oktober, nesten lenger enn nokon gong før. No er 110 geiter heim i fjøset på hovedbruket der dei skal mjølke ein månad til.

Gode vener på heimveg.
Gode vener på heimveg.
Birgitte har hjelp med mjølking på sætra
Birgitte har hjelp med mjølking på sætra
-

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380