Mange innom hellesylt.no
Nettsida hellesylt.no har hatt ei flott utvikling etter at den kom ”på lufta” i januar. I snitt er 700 innom sida dagleg.
Sjølv om besøkstala er svært stabile, har dei varierer frå rundt 400 til heile 1219 som er topp for ein dag. Det var i etterkant av kjekjøt-kvelden på Hægstad Gård nyleg.
At mange har interesse av å ”klikke” seg inn på sida for informasjon og nyhende, synest vi er svært hyggeleg. Kanskje har hellesylt.no også blitt eit lite brev heimanfrå…
Om nokon har meiningar om nettsida hellesylt.no tek vi gjerne mot både ros og ris, på den måten kan vi gjere hellesylt.no endå betre, for nettopp det er eit mål å jobbe mot.