Lokalnytt

Siste tur for turistferja

Søndag gjekk Bolsøy dei siste turane mellom Hellesylt og Geiranger i år. Mannskap ombord var mellom andre skipsførar Arne Vassvik t.h. og billettør Broder Bøe.
Søndag gjekk Bolsøy dei siste turane mellom Hellesylt og Geiranger i år. Mannskap ombord var mellom andre skipsførar Arne Vassvik t.h. og billettør Broder Bøe.

Søndag 12. oktober gjekk turistferja Bolsøy den siste turen mellom Hellesylt og Geiranger i år. Ein ny og utvida ferjesesong etter Verdsarvfjorden var over.
Arne Vassvik var skipsførar på Bolsøy den siste dagen. Saman med billettør Broder Bøe og resten av mannskapet frakta dei berre nokre få passasjerar og bilar på fjorden den dagen. Utviding av sesongen har ikkje ført med seg særleg mykje trafikk. Kunngjering om utviding av ferjesesongen til 12. oktober kom litt for seint, trudde Vassvik.
Sjølvsagt tykte skipsføraren at det var litt vemodig at ein turistsesong etter den flotte fjorden var over, men å gå turane med Bolsøy hadde vore jobben i over fem månader og no var det gjort for i år. Turistferja hadde gått fire turar fram og tilbake mellom Hellesylt og Geiranger frå tidleg i mai. Etter rask hoderekning vart det 1000 gonger att og fram og forbi ”Dei sju systre” og andre sjåverdige attraksjonar i Verdsarvfjorden.
-Jau, vi har sett på vassføringa og ”systrene” er flotte no,- slår Vassvik fast med eit smil, før ferjebomen blir senka for siste gong

I år vart ferjesesongen utvida til 10. oktober. Trafikken var liten på slutten.
I år vart ferjesesongen utvida til 10. oktober. Trafikken var liten på slutten.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380