Lokalnytt

”Sjokoladekappleik” i Tresfjord

Dansarar frå Hellesylt UL var godt representert under "Sjokoladekappleik" i Tresfjord.
Dansarar frå Hellesylt UL var godt representert under «Sjokoladekappleik» i Tresfjord.

Dansegruppa frå Hellesylt UL var sterkt representert under ”Sjokoladekappleik” i Tresfjord nyleg. Ei fylkesmønstring for moro og lyst for unge, dyktige danseaktørar.
Foto: Arne Inge Tryggestad

Hellesylt UL møtte med 48 dansarar i alder frå fyrste klasse til godt konfirmasjonsalder. I tillegg var fleire leiarar med til Tresfjord, fortel Astrid R. Ringdal, ivrig instruktør og dansar i dansegruppa til Hellesylt UL.
-Som under fylkeskappleik i Surnadal tidlegare i år var vi det største laget også denne gongen. Prosentvis etter antall elevar på skulen er vi norges største dansegruppe, noko også mange dansearrangørar har merka seg. Det er kjekt å vere frå Hellesylt Ungdomslag, for dei unge dansarane våre er svært flinke.

Til Tresfjord der vi dansa pariserpolka, springar Valdres, Halling, reinlender og laus halling, hadde vi med flinke felespelarar. Gro Mari Kjellstadli Langleite, Ida Kristin Dyrkorn, Henriette Fivelstad og Helge Kvam Karbø viste muskalske ferdigheiter frå scena,- fortel Astrid R. Ringdal.

Det svinga flott i stasklær for unge dansarar frå Hellesylt
Det svinga flott i stasklær for unge dansarar frå Hellesylt
Dyktige på feler, frå venstre Gro Mari Kjellstadli Langleite, Ida Kristin Dyrkorn, Henriette Fivelstad, Helge Kvam Karbø.
Dyktige på feler, frå venstre Gro Mari Kjellstadli Langleite, Ida Kristin Dyrkorn, Henriette Fivelstad, Helge Kvam Karbø.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380