Lokalnytt

Stian Grimseth klipte snora

Stian Grimseth klipper snora og erklærer Sunnylven IL sitt gym- og treningssenter for opna.
Stian Grimseth klipper snora og erklærer Sunnylven IL sitt gym- og treningssenter for opna.

Laurdag vart Sunnylven IL sitt gym- og treningssenter i fyrste høgda til Trygg Trykk offisielt opna. Snorklippar var årets norgesmeister i supertungvekt styrkeløft, Stian Grimseth.
Det siste året har fleire jobba med å setje i stand idrottslaget sine nye trimlokale på Hellesylt. Mange dugnadstimar og store pengegåver, til saman 53.000 kroner frå fire bedrifter på
Hellesylt er baka inn i dei 90 kvadratmeter store lokala og i eit variert utval utstyr, kunne leiar i Sunnylven IL då han ynskte vel møtt til opning.
Mellom ti og femten personar møtte fram, mellom dei Stian Grimseth, kraftkaren frå Naustdal i nabofylket. Han hadde sagt ja til å stå for den offisielle opninga i dei ljose og luftige lokala, å klippe over silkebandet i nasjonalfargar.

Trenar framleis
Grimseth har slutta som konkurransemann på topplan, men trenar jamt og trutt, kunne han røpe for hellesylt.no. Han har framleis styrke både i armar og bein. Sist sommar sykla han Trondheim – Oslo saman med 38 andre frå Førde sykkelklubb, og alle kom i mål under 20 timar. Det var vi godt fornøgde med,- sa Naustdalsbamsen. Og årets norgesmeister i styrkeløft supertungvekt heiter Stian Grimseth. Ikkje den mest vanlege kombinasjon med sykling og vektløfting, meinte han, men å sykle ”Den store styrkeprøva” var artig og sosialt.

Rosa treningssenteret
Om treningssenteret hadde han mykje positivt å seie. Plassen var fornuftig utnytta og det var teke inn dei rette apparata for å drive grunnøvingar. Utruleg mykje var kome på plass på eit relativt lite areal, tykte han.
Stian Grimseth har kone frå Hellesylt og er på slektsbesøk fleire gonger i løpet av året. Han annonserte at når han er på Hellesylt vil han nytte seg av Sunnylven IL sitt gym- og treningssenter.

Det er krefter i Naustdalsbamsen enno. Her løfter han både leiar i Sunnylven IL, Knut Dag Langeland og Susamme Ringdal.
Det er krefter i Naustdalsbamsen enno. Her løfter han både leiar i Sunnylven IL, Knut Dag Langeland og Susamme Ringdal.
Per Langeland var innom opninga og prøve ulike apparat.
Per Langeland var innom opninga og prøve ulike apparat.
Arnfinn Tryggestad på spinningsykkel, med rettleiing frå Hans Marius Ringdal
Arnfinn Tryggestad på spinningsykkel, med rettleiing frå Hans Marius Ringdal
Unge Birk Grimseth har kyndig instruktør for vektløfting i pappa Stian.
Unge Birk Grimseth har kyndig instruktør for vektløfting i pappa Stian.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380