Lokalnytt

Elevarbeida imponerte

Vinnar mellom mange flotte elevarbeid vart oppgåva Naturreservatet, jobba fram av Helge Kvam Karbø t.v., Alf Helge Nessan og Ida Kristin Dyrkorn.
Vinnar mellom mange flotte elevarbeid vart oppgåva Naturreservatet, jobba fram av Helge Kvam Karbø t.v., Alf Helge Nessan og Ida Kristin Dyrkorn.

Sunnylven skule avslutta grunnskuleveka med program og utstilling av flotte elevarbeida. Det vart både rosande omtale og mykje besøk i kasseromma og under programdelen.
I grunnskuleveka ved Sunnylven skule hadde elevane arbeidd med oppgåver for å gjere seg kjende med næringslivet i bygda si.

Bedriftsbesøk
Småskulesteget hadde vore på bedriftsbesøk til Ole Ringdal a/s, Formvac, Trygg Trykk og på gardsbesøk. Dei var også innom Sparebanken Møre, barnehagen og omsorgssenteret. Ut frå desse besøka presenterte dei sine kunnskapar og opplevingar på fine plakatar.
Elevane på mellomsteget hadde sett på utviklinga av Ole Ringdal, Formvac, turisme og landbruk. Dei var på bedriftsbesøk, gjorde intervjuv og hadde besøk på skulen av personar som fortalde om næringane. Det heile var samla i ein biletserie på data der alle kunne lese og sjå resultatet i tekst og bilder.

Grűndercamp
Ungdomssteget hadde fått oppdrag frå Hellesylt Vekst og Hellesylt Næringslag. Elevane hadde delt seg i fem grupper og jobba som grűndercamp. Resultata var både spanane og kreative med flotte modellar av det som kan vere aktuelle nisjeprodukt i Sunnylven. Hellesyltfjøla, Hellesyltbenken, Naturreservatet, utsmykking av Hellesylt og Flofjellvegen var oppdraga ungdomssteget hadde fått. Elevane hadde jobba fram spanande nisjeprodukt ut frå dagens næringsliv på Hellesylt og i Sunnylven som kunne vere lønsame foretak. Både dei praktiske og skriftelege løysingane imponete mange.

Naturreservatet til topps
Ein jury, som skulle kåre vinnarutkastet, hadde eit vankeleg oppdrag, sa rektor ved Stranda vidaregåande skule, Jon Hjorthaug. Saman med tre andre juryemedlemer, Jan Kåre Vadset frå Møre og Romsdal fylke, Heidi Hauge og Karoline Aaland, begge Hellesylt gjekk fyrste pris til Naturreservatet og Ida Kristin Dyrkorn, Alf Helge Nessan og Helge Kvam Karbø. Flofjellvegen kom på andre og Hellesyltfjøla på tredje plass.
Jan Kåre Vadset rosa elevarbeidet, resultata av oppgåvene viste stor kreativitet og lova godt for skaping av nye arbeidsplassar. Imponert var også rektor Hjorthaug. Både løysingar, utstillinga med modellar og beskrivingar var framifrå elevarbeid. Han såg fram til å få ”grűnderane” frå Sunnylven som elevar ved Stranda vidaregåande skule om nokre år.

Hellesyltfjøla, spekemat i spesiell innpakning vart presentert av Birthe Lødøen Helset, t.v. Liv Tone Tryggestad og Ole Andreas Eide Ljøen.
Hellesyltfjøla, spekemat i spesiell innpakning vart presentert av Birthe Lødøen Helset, t.v. Liv Tone Tryggestad og Ole Andreas Eide Ljøen.
Kenneth-Andre Hole t.h., Pål Andre Lødøen Helset, May-Helen Hole og Ida Katrin Brekke hadde laga forslag til utforming og pynting i sentrum
Kenneth-Andre Hole t.h., Pål Andre Lødøen Helset, May-Helen Hole og Ida Katrin Brekke hadde laga forslag til utforming og pynting i sentrum
Flofjellvegen, kreative forslag frå Hans Kristian Hjellbakk Hole t.v., Asbjørn Kvam Karbø, Ivar Sakkarias Sæter, Henning Frøysa.
Flofjellvegen, kreative forslag frå Hans Kristian Hjellbakk Hole t.v., Asbjørn Kvam Karbø, Ivar Sakkarias Sæter, Henning Frøysa.
Hellesyltbenken, bør i produksjon meinte frå v. Torstein Fivelstad, Markus Tryggestad Forbord, Eirik Hole, Trygve Aaland Tryggestad, Sondre Nybø Støverstein.
Hellesyltbenken, bør i produksjon meinte frå v. Torstein Fivelstad, Markus Tryggestad Forbord, Eirik Hole, Trygve Aaland Tryggestad, Sondre Nybø Støverstein.
Svært mange, både foreldre og andre møtte fram på avslutninga av grunnskuleveka ved Sunnylven skule.
Svært mange, både foreldre og andre møtte fram på avslutninga av grunnskuleveka ved Sunnylven skule.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380