Lokalsport

Heiderspris til Steinar Hjelle

Sunnylven junior 2008.
Sunnylven junior 2008.

Prisvinnar Steinar Hjelle, heilt t.h. har hatt trenaransvaret for G19-laget til Sunnylven, juniorlaget som har bidrege til at Sunnylven er aktuell som Fair Play klubb 2008. T.v. oppmann Erling Hauge i Fair Play vest.

Fotballdomar og leiar i Sunnylven IL – Fotball, Steinar Hjelle er blitt tildelt domarutvalget i SFK sin heiderspris for 2008. Under ei samkome sist fredag vart også fleire nye kretsdomarar autorisert, tre av dei frå Sunnylven.

Tildelinga av årets heiderspris til Steinar Hjelle fann stad under haustavslutninga til domarar og observatørar i Sunnmøre Fotballkrets. Då spelarar og leiarar i Sunnylven var på veg til Førde Cup, var ingen frå klubben til stades i Ålesund.
Under tilstelninga på Rica Parken Hotel fekk 11 nye kretsdomarar sine autorisasjonar. Tre av dei er frå Sunnylven, Helge Tryggestad, Leif Rune Tryggestad og Malin Andrea Ringdal Grøndahl.
Det blir lagt merke til at ein så liten klubb som Sunnylven har hatt to kretsdomarar og fem rekrutteringsdomarar i årets sesong. Her har Hjelle lagt ned eit stort og verdfullt arbeid i å få fram nye domarar frå klubben.
Med tildeling av domarutvalget sin heiderspris 2008 har ein dyktig leiar og ein stor ressursperson fått ei velfortjent utmerking.
Les også: http://www.sunnylven.no/

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380