Lokalnytt

Mange besøkte julemessa

På julemesse, frå v. Andrea Kjellstad, Hanne Kjellstad, Mathilde Tryggestad Forbord.
På julemesse, frå v. Andrea Kjellstad, Hanne Kjellstad, Mathilde Tryggestad Forbord.

Dagen før fyrste søndag i advent vart det arrangert julemesse på Hellesylt for aller fyrste gong. Det vart ein suksess som kan bli fast innslag for seinare.

Denne gongen stod fleire lag bak tiltaket som samla 16 stands med variert varespekter.

Hellesylt Næringslag var ein av arrangørane, og Heidi Hauge frå styret seier at det kom mange svært positive tilbakemeldingar. Mange hadde bra sal og måtte hente nye forsyningar. Det vart litt trangt å bruke berre ”nyesalen” og vestibyla på samfunnshuset, for arrangøen av juletombolaen klargjorde med gevinstar i hovedsalen.
Å kunne kjøpe seg ein tallerken god risengrynsgraut var tydeleg populært. Sunnylven bygdekvinnelag koka og selde ut graut av 40 liter mjølk, sponsa av ein mjølkebonde med for lite kvote.
Heidi Hauge trur julemessa blir eit årvisst arrangement.

Mange var innom julemessa, både for å handle og kjøpe seg risengrynsgraut.
Mange var innom julemessa, både for å handle og kjøpe seg risengrynsgraut.
Martin Janssen hadde stands med eigne, flotte dreia treprodukt.
Martin Janssen hadde stands med eigne, flotte dreia treprodukt.
Johanne Tryggestad t.v. og Trine Tryggestad handlar graut av Berit T. Hole.
Johanne Tryggestad t.v. og Trine Tryggestad handlar graut av Berit T. Hole.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380