Lokalnytt

Fredrik vart takka for innsatsen

 

Ved ei enkel tilstelling i jula, vart Fredrik Stadheim takka for alt arbeid han har lagt ned for heimesida til Hellesylt Vekst.

Ved ei enkel tilstelling i jula, vart Fredrik Stadheim takka for alt arbeid han har lagt ned for heimesida til Hellesylt Vekst.
Internettsida hellesylt.no er eit viktig reiskap i marknadsføringa av Hellesylt, og tilbakemeldingane er svært positive. Dette får ein også bekrefta gjennom det imponerande besøkstalet.
– Du er svært flink til å sjå «alle» saker som er aktuelle å omtale på heimesidene, noko som gjer sidene interessante for alle, både barn og vaksne, sa dagleg leiar i Hellesylt Vekst, Inge Hole. Han takka Fredrik for samarbeidet i 2008 og håpar at han vil hjelpe til også i åra som kjem. I tillegg til rosande ord, fekk Fredrik eit gåvekort for den store innsatsen han har lagt ned dei snart to åra sidan Hellesylt Vekst vart skipa.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380