Lokalnytt

Juleavslutning etter ein god skulehaust

Mange var med i gong kring juletreet under skuleavslutninga.
Mange var med i gong kring juletreet under skuleavslutninga.

Ved Sunnylven skule var det avslutningsfest før jul sist torsdag. Svært mange møtte fram og fekk oppleve ei ny, fin feststund i bygda si storstove.
Dei to yngste klassestega var fyrst på scena der dei fortalde frå juleevangeliet og song julesongar. Ei stemningsfull opning frå dei 18 elevane i kvite kapper og med levande lys.

Meir livleg vart det då mellomsteget presenterte si dramatisering av forteljinga om «Kvitebjørn». Det enda godt slik dei aller fleste eventyr gjer.
At HUL-teatret kan sjå framtida ljost i møte viste også ungdomssteget. Også dei kom med ei frimodig framføring frå scena, om søppelkasting i naturen som enda i straff for dei som utførte ugjerninga.

Andre elevar fortalde frå skulehausten, frå turar i naturen og prosjektoppgåver i skule, alt ei bekrefting på at det har blitt jobba godt i «skulestova» frå alle.
Etter programdelen, som vart leia av lærar Ruth Hole Aaland, vart det mykje song og gong kring eit festpynta juletre, før ei ny gilde juleavslutnig vart avslutta med ei lita utlodding og servering.

Elevane i 1. og 2. klasse fortalde frå juleevangeliet og song julesongar.
Elevane i 1. og 2. klasse fortalde frå juleevangeliet og song julesongar.
Forteljinga om "Kvitebjørn" vart både fartsfylt og spanande.
Forteljinga om «Kvitebjørn» vart både fartsfylt og spanande.
Å kaste søppel i naturen skal ikkje løne seg, synte elevar frå ungdomsskulesteget.
Å kaste søppel i naturen skal ikkje løne seg, synte elevar frå ungdomsskulesteget.
-
-

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380