Juletombola med flott resultat
Det kom inn over 40.000 kroner brutto på skulekorpset sin juletombola. Det er eit resultat leiinga var strålande godt nøgde med.
-Vi var litt spente på frammøtet til tombolaen då det var julemesse med mange til stades dagen før, sa styreleiar i korpset,- Gunnhild Kvam. -Søndag kom og folk i alle aldrar kom og fylte samfunnshuset, det vart ein kjempeflott tombola nok ein gong der mest alle dei 900 gevinstane gjekk ut.-
Styreleiaren er glad for det flotte resultatet som er om lag som tidlegare år. Pengane kjem godt med, for neste sommar skal heile korpset på tur til England, fortel ho.
Flotte pepperkakebygg
Også utfordringa om å bygge og stille ut pepperkakehus vart ein suksess. Heile 17 byggverk kom inn til slutt, nesten ein heil by. Der var kyrkje, låve, stall, store og små hus, og ein rett kopi av Sunnylven barnehage.
Hilde Brekke hos arrangøren kunne dele ut stort handlenett med julevarer til tre uttrekte deltakarar. Vinnarar vart Liv Tone og Johanne Tryggestad, Alf Helge Aasheim Nessan og Sigrid Imilie Røyrhus.
Dei andre som hadde laga flotte byggverk var: Emil Frøysa, fredagsgruppa barnehagen/SFO, Olene og Bertine Lade, Ida Katrin Brekke, Emilie Brekke, Ingrid Julie Hole, Irene Frøysa og Hege Ringdal, Håkon Elias, Sigurd og Ole Iver Kjellstad, Jørgen Ringdal Sæter, Ola Tobias Røyrhus, Espen og Brede Ringdal, Inger Ringdal Sæter, Johanne Sæter.