Lokalnytt

Kommunestyret vedtok djupvasskai

Hellesylt har stor båttrafikk i sommarsesongen. I 2010 kan dei legge til kai, trur Jan Ove Tryggestad.
Hellesylt har stor båttrafikk i sommarsesongen. I 2010 kan dei legge til kai, trur Jan Ove Tryggestad.

På siste møte vedtok Stranda kommunestyre å bygge djupvasskai på Stranda og Hellesylt. Oppstart på arbeidet kan skje alt i 2009.
Med vedtaket har kommunestyret no lagt premissane for bygging av djupvasskai, seier Jan Ove Tryggestad (sp), medlem av både formannskap og kommunestyre. Kommunestyret vedtok å be om ei økonomisk analyse av Havnevesenet på kaiprosjekta, innan 25. februar. Då skal budsjettet opp til justering etter som kommunen er lova ein del nye midlar frå staten. Men ein sansynleg kostnad er alt no baka inn i budsjetta, seier Tryggestad.
Han trur arbeidet med djupvasskai på Hellesylt kan kome i gong i løpet av 2009. Også rassikringa av Ljøvegen blir starta opp neste år, og då vil ein kunne nytte masse frå tunneldrivinga på rv. 60 til utfylling Då vil djupvasskaia på Hellesylt stå ferdig til turistsesongen 2010, trur Tryggestad.

Ekspansive år, med kraftutbygging
-I sum, og viss vi er heldige trur eg på ekspansive år for Hellesylt. Med rassikring av rv. 60 Ljøvegen, djupvasskai, og forhåpentleg vis eit nytt hotell på plass, er vi plutseleg i ein situasjon vi aldri har vore før.
Når det gjeld signala om oppheving av byggeforbudet, er det for å seie det rett ut, kanskje det viktigaste vedtaket på lang tid, ikkje berre for Hellesylt, men for heile Storfjordbassenget,- seier Jan Ove Tryggestad som hastar vidare for nye møter om kraftutbygging. Han fortel at to kraftverkprosjekt i Sunnylven, Litlebø kraftverk på Tryggestad og Ringdal kraftverk har begge fått konsesjon, og oppstart av utbygging vil skje til våren 2009.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380