Musikk og song fylte adventshelga.
Fyrste helga i advent vart møtt med mykje song og musikk på Hellesylt. Skulekorps og songkor bidrog til stemingsfulle dagar i turistbygda.
Sunnylven skulekorps er ungt og lite, men svært aktivt. Under leiing av dirigent Trond Otto Berg har det vore ein fin kulturberar som heldigvis ser ut til å leve vidare.
Sist laurdag var ein av dei travle dagar for korpset. Då jalla dei gamle og glade juletonane ut over sentrum, både laurdag framfor butikkane, under adventsstund på omsorgsenteret, og sjølvsagt søndag då julegrana på Hellesylt vart tent.
Sunnylven skulekorps får vi gjenhøyr med under julekonsert i Sunnylven kyrkje søndag 21. desember.
Korsong
Då blir det også vakker song frå mellom anna dei to kora i bygda, barnekoret Ariel og ungdomskoret Joyful.
Søndag var det lysmesse i kyrkja, og sterkt delaktig til ein stemingsfull time var dei to kora. I dei unge songrekkene står gullstruper og mange dyktige solistar, og av det blir det gla`song i både rolege og kvikke rytmer. Ei smittande songglede som fekk store og små i kyrkjebenkane til å lytte.
Også leiarane syng og spelar gjerne til hygge i samkomer. Under adventsstund på Sunnylven omsorgsenter gleda dei med musikalske bidrag. Elisabeth Runde spela piano, og Ingelin Storstein Hole, Kristin Storstein og Oddbjørg Stadheim song. Også dei blir å høyre under julekonsert 21. desember.