Bønder slutta opp om dyrevelferd
Kursserien dyrevelferd hos storfe er i gong. På innleiande møter i Sykkylven og på Hellesylt var det godt frammøte av husdyrbrukarar, vel 20 i Sykkylven og 73 på Hellesylt.
-Også bussjåførar må på kurs kvart tredje år for å få lov til å køyre passasjerar. Difor er det berre rett og rimeleg at også bønder kursar seg inn i mellom.-
Det sa veterinær Olav Hauso som presenterte kursopplegget både gjennom levande bilete og med kommentar.
Studieopplegget som husdyrbrukarar skal gjennomgå er på 15 timar, og fullført kurs vil gje alle med husdyrhald det kompetansebeviset som Mattilsynet krev frå 1. januar 2010.
Godt dyrestell, godt for næringa
Hauso sa at gjennom lover og forskrifter er det blitt sett minstekrav til dyrevelferd. Det er opp til den enkelte brukar om han vil legge seg på desse krava, eller gjere meir for å skape trivsel og velvere hos dyra og kanskje gjennom det få betre økonomi av drifta.
Å drive eit godt dyrestell var viktig både med tanke på å unngå dyretragedier, sjølv om desse heldigvis var svært sjeldne, men også for å skape eit positivt inntrykk av næringa for folk flest.
Hauso tykte bønder i dag var flinke dyrehaldarar, dei såg når dyr var friske eller sjuke, når dei hadde det godt eller ikkje. At det var blitt mindre kvinner i fjøsstellet var eit tilbakesteg. Dei viste meir omsorg for dyra enn tøffe mannfolk, sa Hauso og la til.
-Å vere husdyrbrukar er krevjande, det er ikkje berre å hente ”ein frå gata” til å stelle ein stor buskap. Alle bønder bør ha yrkesstoltheit, for alle utfører fagarbeid på høgt nivå-.
Nyttig kurs
Leiar i Sunnylven og Stranda produsentlag, Oddvar Tynes var stornøgd med at heile 73 husdyrhaldarar, rundt 20 frå Stranda og vel 50 frå Sunnylven, møtte fram.
-Det viser at dei er opptekne av dyra sine og ynskjer å gjere ein best mogleg røktarjobb.
Om media finn eit dyrekadaver får det fort fyrstesideoppslag. Slikt spaltefyll må vi prøve å unngå. Då har forbrukarane meir forståing for norsk landbruk, sjølv om fleire framleis veit for lite om kva landbruket betyr. Der er ei utfordring vi må få gjort noko med-.
Tynes trudde alle vil ha nytte av kurset i dyrevelferd.
-I alle fall var det fyrste møtet ein god start med ein flott presentasjon av stoffet av veterinær Olav Hauso,- meinte mjølkelagsleiaren.