Lokalnytt

Utset hotellplanane

Til stades på orienteringsmøtet om turistsatsing på Hellesylt. Frå v. Einar Aasestrand, Terje Devold og møteleiar Inge Hole.
Til stades på orienteringsmøtet om turistsatsing på Hellesylt. Frå v. Einar Aasestrand, Terje Devold og møteleiar Inge Hole.

Det var stort frammøte då Hellesylt Vekst inviterte til orienteringsmøte om mellom anna hotellplanane på Hellesylt. Møtet var oppklarande, det blir ikkje bygging av nytt hotell på Hellesylt i år, men stor satsing på drift av Peer Gynt Galleriet og Hægstad Gård.


-Byggeforbudet langs Storfjorden øydela mykje for planane våre. Om det ikkje hadde kome, hadde det vore eit hotell under bygging på Hellesylt i dag-.
Det sa administrerande direktør i 62º NORD, Terje Devold då han på møtet orienterte om selskapet sine tankar for satsing på Hellesylt.
-62° NORD satsar på turisme, men kunne ikkje gå å vente, for alt var usikkert når byggeforbudet ville bli oppheva. I mellomtida har vi vore ute og ”snopa” og kjøpt Hotell Union på Øye-.

Hellesylt framleis interessant
Devold sa at planane om eit nytt hotell på Hellesylt låg fast, men å satse på to store prosjekt samstundes hadde dei verken kapasitet eller personell til.
På Hellesylt eig selskapet mellom anna Grand Hotel, det gamle meieriet og Peer Gynt Galleriet. Til no har desse investeringane ikkje gjeve avkastning, men 62° NORD håpa det ville endre seg. Hellesylt var eit interessant satsingsobjekt, men bygging av nytt hotell ville ikkje skje før tidlegast i 2011.
-Kva løysing som vert vald er ikkje heilt avklarar. Å rive Grand Hotel kan vere aktuelt, men vi bør snu planbunken ein gong til før gravemaskina startar. Stilen og identiteten til det gamle hotellet kan vere verd å ta vare på-, sa adm. dir. Terje Devold.
Ei fyrste utbygging måtte kome mot fjorden og ikkje på meieritomta, meinte han.

Fyllmasse til kaia
Mykje tyder på at det kan bli bygging av djupvasskai i haust. Når dette arbeidet kjem i gong med utfylling, ønskjer 62° NORD å rive den nyaste delen av meieriet og levere det til fyllmasse til kaiprosjektet. Planen er at det gamle meieribygget skal takast vare på inntil vidare.
Devold håpa bygdefolket ville støtta opp om den nye leigetakaren og drifta, gjere Hellesylt kjent og heile tida jobbe marknad framover. At ny veg og djupvasskai kjem vil opne opp for mykje på Hellesylt, trudde Terje Devold.

Aasestrand har inngått leigeavtale
62° NORD har inngått leigeavtale med Einar Aasestrand om leige av Peer Gynt Galleriet/Hægstad Gård i 5 år, og av motellet og deler av fyrste etasje i Grand Hotel fram til hausten 2010. Då ønskjer selskapet å ha tilgang til anlegget på Hellesyltnestet for eventuelt riving og nybygg.
Einar Aasestrand som eig Hellesylt Vandrehjem orienterte om planane han har med leigeavtalen han har inngått. Motellet og deler av Grand Hotel blir nytta til overnatting, servering av frukost og opphaldsrom for gjestar
I Peer Gynt Galleriet og Hægstad Gård vil Einar Aasestrand i tillegg til vanleg kafedrift tilby alt av arrangement og selskap, frå barnedåp til gravferdslag.
Opningstider i høgsesongen blir heilt fram til kl. 23.00 sa han, og dagleg drift vil vare så lenge ferja går på fjorde. Han håper å kunne tredoble besøkstala i galleriet som i fjor låg på vel 2000 besøkande.
-Vi må få fleire reisande til å stoppe opp og tilby dei av alt det flotte bygda har å by på-, sa Aasestrand og rekna opp både naturopplevingar, laksefiske, sykkelturar og museumsbesøk. Han vil at Hellesylt skal jobbe fram si eiga turistbrosjyrer og ikkje vere ein del av andre.

Grand Hotel på Hellesyltneset.
Grand Hotel på Hellesyltneset.
Peer Gynt Galleriet som Einar Aasestrand har inngått leigeavtale om drift av i fem år i fyrste omgang.
Peer Gynt Galleriet som Einar Aasestrand har inngått leigeavtale om drift av i fem år i fyrste omgang.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380