”Kven veit” i gong
Hellesylt Ungdomslag deltek med fem lag i den landsomfattande kunnskapskonkurransen ”Kven veit” som Noregs Ungdomslag arrangerer. Fyrste runde vart avvikla fredag 30 januar.
HUL har med tre juniorlag og to i senior. Konkurransen går over tre rundar, og laget med beste poengsum samanlagt blir vinnar.
På dei tre laga i junior er desse med:
* Sigurd Kjellstad, Andreas Nybø Støverstein, Jarl Vegard Røyrhus Eliassen, Jørgen Ringdal Seter, Håkon Kjellstad, Lars Kvam Karbø.
* Ivar Ringdal Seter, Trygve Aaland Tryggestad, Markus Forbord, Pål Andre Lødøen Helset, Kenneth-Andre Hole, Alf Helge Nessan, Helge Kvam Karbø.
* Terese Hauge, Nanna Frøysa Hellebostad, Anette Frøysa, Inga Elise Nybø Vik, Anne Grete Kjellstadli Langleite, Irene Trøen Frøysa, Kristin Ringdal.
På dei to seniorlaga manglar vi namna.
Spørsmåla som deltakarane må svare på kan vere sport, politikk, kultur og underhaldning.
Om lag 1000 personar er med i konkurransen kvart år.
Best i fjor
Hellesylt Ungdomslag har tradisjon for å gjere det godt i ”Kven veit”. I fjor var juniorlaget frå HUL best i landet med 71.5 poeng, eitt poeng meir enn Bygland skule frå Aust-Agder.
Det beste av to lag i senior kom på 22 plass av 68 lag.