Lokalnytt

Ann Kristin Langeland ny rådmann i Stranda

Ann Kristin Langeland tek til i stillinga som rådmann i Stranda i august.
Ann Kristin Langeland tek til i stillinga som rådmann i Stranda i august.

Ann Kristin Langeland er den nye rådmannen i Stranda Kommune. Det vedtok kommunestyret samrøystes på mars-møtet.


Ann Kristin Langeland frå Hellesylt er 37 år, og har cand.mag. i kommunal- og kyrkjefag. Ho jobbar no ved Bergen sokneråd, der ho også er fungerande kyrkjeverje.
Frå august blir Ann Kristin Langeland å finne i rådmannstolen i Stranda.

Ho er svært glad for at ho har fått jobben som ho ser på som interessant, og ser fram til møtet med både nye kollegaer i administrasjon, og politikarar i heimekommunen. -Det blir spanande, eg gler meg berre til å ta fatt,- seier ho.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380