Lokalnytt

Øvingshelg for Skulekorps

-

Gjennom heile helga har skulekorpsa i Sunnylven og på Stranda øvd tonar og samspel under leiing av dirigent Trond Otto Berg. Søndag var det minikonsert for slekt og vener.

I alt 36 musikarar frå dei to skulekorpsa var med på øvingshelg på Sunnylven samfunnshus. Samlingane har blitt tradisjon ein gong for året og vekslar mellom Hellesylt og Stranda, fortel dirigent Trond Otto Berg.

Under konserten som avslutta øvingshelga presenterte dei eit knippe variert musikk og som som korpsa skal stille med på Tomra/Ørskog Brassfestival 25 april. Der har dei tenkt å vinne, i alle fall show-prisen, sa Trond Otto Berg.
Til konkurranseprogram har dei to korpsa øvd på både halling-slåttar, springar, ein variasjon over ”Gubba Noa”, og ”Sunnylvsmarsj”.
Om øvingshelga var dirigenten tydeleg på at den hadde vore veldig, veldig bra.

Andreas Havnen, Stranda. Solist på kornett i "Gubba Noa".
Andreas Havnen, Stranda. Solist på kornett i «Gubba Noa».
-

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380