LokalnyttLokalsport

Strid om undervarme på stadion

Hellesylt stadion har framleis sitt naturgras, 16 månader etter kommunestyret sitt vedtak om kunstgras.
Hellesylt stadion har framleis sitt naturgras, 16 månader etter kommunestyret sitt vedtak om kunstgras.

Sven Aune a/s rår frå å legge undervarme i kunstgrasbana på Hellesylt stadion på grunn av meirkostnad med anlegg og drift., og liten fotballaktivitet vinteren. Planane frå Sunnylven IL med oppvarming av sjøvatn er godkjende av idrettsdepartementet og får spelemiddlar.


Leiar i Sunnylven IL, Knut Dag Langeland fortvilar. I desember var det eitt år sidan Stranda kommunestyre sa ja til planane for kunstgras med undervarme på Hellesylt stadion. 16 månader seinare har ingen ting skjedd på anlegg sida, berre planmølla har kvernar inn i mellom.

Ikkje el.oppvarming
No har Knut Dag Langeland sendt skriv til ordførar i Stranda, Frank Sve der han har forklart idrettslaget sitt syn, og tilbakeviser dei auka kostnader som Sven Aune a/s har kome fram til.
-Det har aldri vore på tale og det kjem heller aldrig til å vere aktuelt å byggje undervarmeanlegg basert på el.kjel oppvarming. Det kostar ein halv mill. kroner å drifte i året, og det har verken idrettslaget eller kommunen råd til-, skriv Langeland i brevet.

Sjøvatn
Idrettslaget sin plan, etter råd frå fagfolk og andre idrettslag, er å bygge ein pumpestasjon og bruke sirkulerande sjøvatn i rør under banedekket. Den planen er godkjent av KK-departementet, og får ekstra spelemiddlar. Og sjøvatn burde ein finne nok av ved Hellesylt stadion.
Saka har vore handsama i plan- og byggenemnda i Stranda som går inn for Sven Aune a/s si tilråding å sløyfe opplegg for undervarme. Saka kjem opp i formannskapet.

Ombygging av Hellesylt stadion til kunstgras med lys, asfaltert løpebane og undervarme av sjøvatn var i 2007 kostnadsrekna til 6.8 mill. kroner

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380