Premiefest for Sunnylvscupen
Heile 86 skitalent mottok tysdag i påskeveka sine blanke gullmedaljer for deltaking i tre eller fleire renn i Sunnylvscup på ski. Oppslutninga var rekord i vinter.
Tysdag i påskeveka inviterte skigruppa til påskebingo og utdeling av premiar. Over 200 personar møtet på Sunnylven samfunnshus, så arrangøren måtte fram med ekstra bord og stolar for å gje plass til alle.
Frå bingospelet gjekk nok dei fleste skuffa heim, men ikkje dei 86 som hadde gjort seg fortent til premie i skicupen. Alle fekk sine gullmedaljer utdelt av representantar frå skigruppa i Sunnylven IL, og deretter var det fotografering og velfortjent applaus.
Frå januar til mars arrangerte skigruppa seks renn som gjekk både i fri teknikk og klassisk stil. Deltakinga var rekordstor, og alle med tre renn eller fleire vart premiert.
Sunnylvscup på ski har blitt ei massemønstring for unge og eldre, både i langrennsløypene i Hyttehola og under premiefesten i påskeveka.