Lokalnytt

Fem oljemåleri selde på opningdagen

Stort og kostbart, men seldt på opningsdagen.
Stort og kostbart, men seldt på opningsdagen.

Salgsutstillinga som kunstnaren Olav Harald Ulstein har på Hellesylt har falle i smak hos publikum. På opningsdagen laurdag vart fem oljemåleri selde.

Fredrik Stadheim – 11.05.2009 20:27:25

Det tok heilt av under opninga, seier kunstnaren som er strålande nøgd med responsen. At heile fem bilete og mellom dei tre av dei store og mest kostbare vart selde var meir enn han hadde håpa på.

Dei fem oljemåleria heng framleis i utstillingslokale i Peer Gynt Galleriet, men blir snart henta av kjøparane. Då kjem Sykkylvs-kunstnaren med nye bilete. Han har mange arbeid på lager og jobbar no på spreng med innramming.
-Eg må fylle på slik at det er ei fullstendig utstilling til ei kvar tid, seier Olav Harald Ulstein.
Salgsutstillinga inneheld rundt 20 store og små oljemåleri og nokre akryl, og vil pryde utstillingslokala i Peer Gynt Galleriet ut september.

Med motiv av Fivelstadnibba var mellom bileta som gjekk ut på laurdag.
Med motiv av Fivelstadnibba var mellom bileta som gjekk ut på laurdag.

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info