Helsetkopen arena for TV-program
TV-stasjonen CBS har søkt Stranda kommune om landingsløyve for helikopter på Helsetkopen. Det skal lagast eit TV program om fjell og basehopping.
Fredrik Stadheim – 15.05.2009 16:21:29
Tom Erik Heimen, Isfjorden har på vegne av CBS sendt søknad til Stranda kommune om landingstillatelse for helikopter i samband med filming i tidsrommet 15-30 juni.
Det amerikanske selskapet lagar TV programmet 60 minutt som er eitt av dei mest sette program verda over.
I Møre og Romsdal ønskjer dei å lage eit program om fjella og aktiviteten til amerikanske og norske basehopparar som er leiande innan sin aktivitet.
”Mykje av filminga vil foregå utan helikopter, men er naudsynt i nokre bevegelsar og i frakt av utstyr og folk til toppen.
CBS har gjeve uttrykk for at moglegheitene til å lage program utan flytid med helikopter vil vere vanskeleg. Av erfaring så ser eg nødvendigheita av helikoptertransport ved å laget eit TV program av høg kvalitet,” skriv Tom Erik Heimen på vegne av selskapet i søknaden.
Det blir søkt om løyve til inntil 10 landingar på Helsetkopen.
Næringsavdelinga i Stranda kommune opplyser at svar på søknaden vil kome om få dagar.