Lokalnytt

Smak av ”Sommargale Stryn” fredag.

Inge Matias Tvinnereim og ”Buddies” frå Stryn kjem til Hellesylt fredag. På Sunnylven samfunnshus blir det show og dans.


Fredrik Stadheim – 13.05.2009 09:00:49

Inge Matias Tvinnereim er medlem av revygruppa bak ”Sommargale Stryn”. I Stryn har dei sidan 2003 underhalde med song og komedie til eit stort publikum og hausta gode kritikkar.
På fredag serverer Inge Matias Tvinnereim smakebitar frå tidlegare revyinnslag saman med revyorkesteret ”Buddies”.

-I showet som varer i om lag 45 minutt blir det allsong og bygdehumor som eg trur folk vil kjenne seg igjen i, røpar Tvinnereim som fortel om 15 års erfaring frå komedie så langt. Det starta i kulturhuset i Stryn, og seinare har det blitt ”Sommargale Stryn”. Mykje jobbing med underhaldning også andre stader som på Aleksandra hotell og diverse julebordarrangement.

”Buddies” som på Hellesylt blir både revyorkester og danseband består av fem personar og spelar både rock og populær dansemusikk.
Les meir om revy i Stryn på http://www.gaman.no/

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info