Lokalnytt

Fjør som fe får støtte

Som lekk i arbeidet med å skape næringsutvikling i Sunnylven er det drøfta å etablere eit anlegg for produksjon av fjørfe. Etter søknad frå Hellesylt Vekst har Innovasjon Norge innvilga inntil 47 % i støtte til kostnaden med utarbeiding av forprosjekt.

Fredrik Stadheim – 06.06.2009 21:10:04

Forprosjeketet har som hovudmålsetting å vurdere aktuelle forretningsidéane og på grunnlag av desse vurderingane kome med tilråding om det er grunnlag for å starte opp aktuell fjørfekjøtproduksjon i Sunnylven i eit nært samarbeid mellom produsentar i området. Den mest aktuelle løysinga er at fjørfekjøtet skal tilbydast i ei smal nisje i marknaden. Fjørfeet blir slakta og foredla på Ole Ringdal AS, og seld gjennom Ole Ringdal AS sine avtalar.

-Bygda har ein del grunnleggjande føresetnader i form av komparative, skriv Hellesylt Vekst i søknaden om støtte.
-Stranda kommune er kjent for spekematmiljøet og har ei rekkje verksemder innan denne sektoren. Dette er vel kjent, og vi går ikkje i detaljar omkring dette her. Men i denne samanhengen er det likevel verdt å nemne at ein av desse bedriftene ligg i Sunnylven. Ole Ringdal AS har lang og brei erfaring i bransjen, og er ei solid bedrift med vekstambisjonar. Bedriftene har over lang tid opparbeidd seg god marknadsoversikt og tilgang. Dette vil vere eit stort pre ved knoppskyting og introduksjon av nye produkt, slik dette prosjektet tek sikte på, heiter det mellom anna i søknaden.

Der blir det også utgreidd om ”Naturressursgrunnlaget og bruksstruktur”, at ”Bygda er midt inne i ein bygdemobiliseringsprosess”, og at ”Satsinga er i tråd med landbruksplan” der det i Stranda kommune sin landbruksplan frå 2007 heiter m.a..: ”Stranda kommune skal medverke aktivt til utbygging av landbruksbaserte tilleggsnæringar.

Anlegget er tenkt plassert på Tryggestad. Her er det nyleg (des. 2008) fatta vedtak i kommunestyret om å starte regulering av eit større område til industri/bustadbygging.

I dag er det ikkje produsentar av fjørfe mellom Hardanger og Nordmøre. ‘

Det vil bli etablert ei arbeidsgruppe for gjennomføring av forprosjektet, heiter det i søknaden på sju sider til Innovasjon Norge. Kostnaden med forprosjektet er berekna til 286.500,- kroner.
Tilsagnet om støtte er ikkje bindande for realisering av prosjektet.

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info